Hjelp:Spørsmål

Fra Språkrådets termwiki
Hopp til: navigasjon, søk

Spørsmål og svar

Hjelp, eg får ikkje tilsendt brukarnamn og passord

Tilgang til å redigere i Språkrådets termwiki er ikkje basert på autoregistrering av brukarar, slik det er i t.d. Wikipedia. Alle brukarar må godkjennast av ein administrator i Språkrådets terminologitjeneste. Det kan difor ta ein dag eller to før du får svar, avhengig av om vedkomande er på jobb eller ikkje. Har du ikkje fått svar i løpet av eit par arbeidsdagar, send då ein ny e-post til termwiki@sprakradet.no, med kopi til term@sprakradet.no, og etterlys ei tilbakemelding. Du kan òg ringje sentralbordet i Språkrådet (22 54 19 50) og spørje etter nokon i terminologitenesta. Det kan skje tekniske feil, så det er berre å ta kontakt.